Om plassen

Nesjartun Camping er ei lita familiedriven bedrift ved enden av Hornindalsvatnet. Plassen ligg ved Rv15, ca. 8 km fra Nordfjordeid i retning Stryn. Vi tilbyr hytter, plass til telt, vogner og bubilar og utleige av båtar.

Her bur du midt i Nordfjord, ein ideell stad for dagsturar i alle retningar, Måløy, Selje og Vestkapp, Stryn, Loen og Briksdalen, Geiranger, Ålesund og Runde for å nemne nokre.

Resepsjon
I resepsjonen har vi ein enkel kiosk som i hovedsak sel is, brus, kaffi og litt anna snacks.
Leikeplass
Leikeplassen er nylig renovert med reiestativ, sklie og sandkasse.
Sanitæranlegg
Sanitæranlegget er nyoppussa. Her finn du toalett, dusj, muligheter for matlaging og oppvask.
Kontaktinformasjon

Hytter

Vi har 10 hytter i ulik størrelse og standard. Alle hyttene har kjøleskap og kokeplater. Det er ikkje dyner, puter eller sengkle i hyttene, men dyner og puter kan leigast. Vi har engangssengekle til salgs.

Hytte 2-6 er enkle eitromshytter for intill 4 personar. Hyttene har køysenger, kokeplate og kjøleskap, men er utan innlagt vatn. Dei ligg nær sanitæranlegget.

Hytte 8-12 har adskilt soverom for 2-3 personar, samt køyseng i opphaldsrom. Kjøkkenkrok med innlagt vatn. Bad med dusj og toalett på hytte 9 og 11.

Prisar
Hytte 2
550,-
Hytte 3, 4, 5, 6
580,-
Hytte 8, 10, 12
720,-
Hytte 9, 11
920,-

Telt, bil og vogn

På campingplassen har vi plass til ca 20 bubilar, vogner og telt. Vi har delt plassen opp i 4 platå, slik at du alltid har god utsikt utover europas djupaste innsjø (514m).

Tilgang på straumuttak, sanitæranlegg med dusj, wc og vaskerom/kjøkken. Det er og mogleg å leige vaskemaskin og tørketrommel.

Prisar
Vogn og bil inkl. 4 pers.
300,-
Bobil inkl. 4 pers.
280,-
Telt og bil inkl. 4 pers
260,-
Telt og MC inkl. 2 pers.
220,-
Telt aleine inkl. 2 pers.
200,-
Straum
40,-
Tillegg for fleire personar
Vaksen
20,-
Barn
10,-

Båtutleige

På Nesjartun har du mulighet til å leige båt på Hornindalsvatnet. Vi har motorbåtar, ein robåt, trøbåt og kano.

Prisar
Robåt per time
60,-
Trøbåt per time
60,-
Kano per time
60,-
Motorbåt per time
120,-
Motorbåt per dag
400,-+ bensin

Fiske

Frå Nesjartun har du god tilgang til fiske både i vatn, elv og sjø. Vi sel fiskekort for Hornindalsvatnet og øvre del av Eidselva, sone Nor. I tillegg til fiskekort må du også registere årlig forvaltningskort på elveguiden.no.

For nærmare info om laksefiske i eidselva sjå eidselva.no

Prisar fiskekort for Hornindalsvatnet
Døgnkort
50,-
Sesongkort
300,-
Årlig forvaltningskort
0,-